
Shichinin no samurai
Sidan eg har sett The Magnificent Seven tidlegare, føler eg det er greitt å ta denne opp her. Shichinin no samurai er ein Akira Kurosawa-storfilm.
Toshirô Mifune, Kikuchiyo i filmen, blir ofte rekna som den store stjerna, men Takashi Shimura, som spelar Kambei Shimada, er kanskje den mest autoritære karakteren.
Jacob Olsen på Filmantrop (filmantrop.no) rosar også Toshirō Mifune og Takashi Shimura, men meiner Seiji Miyaguchi nesten stel filmen som den fåmælte Kyuzo. Han framhevar dessutan kor godt driven held gjennom den lange speletida. Det gir endå ein grunn til å sjå forbi det litt utydelege biletet eg sat med. Her er fleire former for autoritet og nærvær å legge merke til enn berre den mest utagerande samuraien.
Toshirô Mifune fekk meg til å tenke på anime, og Great Teacher Onizuka. Hans litt dumme, men stolte og handlande person er ei kjent oppleving frå meir enn ein anime.
Samanlikna med Hollywood-versjonen, The Magnificent Seven, er denne både lenger og betre. Bandittane er ikkje sett på som individ her, og samuraiane er tydelegare heltar enn drapsglade. Alt utanom bilde og lyd kan seiast å vere betre i denne. Svart og kvitt bilde er ikkje problemet, men heller at bilde her var litt utydeleg og at eg ikkje fekk den heilt gode oversikta overalt.
Filmen er kanskje mest kjent under sin engelske tittel The Seven Samurai.
