Japan, under Tokugawa-tida, etter fleire hundre år med krig har det endeleg blitt fred. Herskaren ser seg derimot trua av nokon landsbyar som endå praktisere kraftige magiske kampsportar, dei blir kalla shinobi. Han hentar inn Hattori Hanzou III for å finne ei løysing på dette, og ho blir mindre human.
Oboro og Ge-no-suke høyrer til kvar sin landsby som det har eksistert sterkt hat mellom i lange tider. Dei møter tilfeldigvis ved elva ein dag og blir forelska. Stjernene har derimot kryssa seg og forelskinga har ingen lys framtid med Hanzou sin idé i drift.
Shinobi er ein film om kjærleik og hat. Han kan tidvis minne litt om Romeo og Julie, men tar etter kvart ei anna retning. Lovene til fysikken blir oppheva og det blir hurtig slåsting i blant dei meir dramatiske og historiebyggande sekvensane. I stil såg eg mange likskapar med Naruto-mangaen når det kom til karakterar og kampteknikkar.
Ved siden av dataanimerte kastestjerner og springing mellom trestammer blir det for roleg for min del. Det er tydeleg at filmen vil fortelja noko, utan at eg skal røpe kva, men variasjonen blir for stor og dramaet drar ut i tid. Elles må eg sei eg likte det eg såg. Her er det slåsting med alvor. Når humoren er uteblitt blir dette akkurat passe mørkt og dystert til at dei ekstreme kampsekvensane kan taklast.
Filmen heiter Shinobi: Heart Under Blade på engelsk.