Etter eit militært oppdrag i Afrika går feil, sluttar Bob Lee Swagger (Mark Wahlberg) i militære. Tre år etter dukkar FBI opp på døra med eit oppdrag, det handlar om å redde presidenten frå et attentatforsøk. Swagger skal finne ut kor det er mogleg å avrette presidenten frå med rifle, men så går ting feil og han får heile USA i nakken.
Shooter utviklar seg til å bli ein rimeleg rett fram actionthriller med både rømming og konfrontasjonar, utan for mykje krimskrams. Her er spenningen til stades i både stemning og handling. I ei slags blanding mellom Bourne og Rambo skjer det ikkje så mykje som utfordrar originaliteten. Filmen er derimot godt gjennomført. Kvaliteten på bilda er veldig pen og forsterka inntrykket om at det er ein proff produksjon. Sjølv om altså historia er ganske så rett fram og for det meste driven av knall og smell.
Innleiingsvis var eg skeptisk til Mark Wahlbergi rolla som snikskyttaren og den tidlegare soldaten Swagger, noko som kan bli knytt til den labre prestasjonen hans i The Departed. Men Mark Wahlberg veks seg til i rolla. Fysisk er han heltetypen frå 2000-talet. Firkanta muskelmenn er ikkje heilt passande lenger. Mannen har mangel på karisma, men Swagger er ein kald fisk og det blir perfekt samansetting.
Så, ute etter ein gjennomsnittleg actionthriller må eg sei eg blei positivt overraska over kor godt gjennomført Shooter eigentleg var. Han gir ingenting nytt, men fungerer godt til formålet sitt, nemleg å underhalda utan å krevje for mykje hjernetrim.