Shooting Livien - Filmdagbok

Shooting Livien 2005

Livien (Jason Behr) er musikar, tydeleg inspirert av John Lennon, og vanskeleg å ha med å gjere. Han er enten høg, eller borte i si eiga verd, og gjer livet til personane rundt seg hakket vanskelegare enn det burde ha vore.

Mora til Livien hadde psykiske problem som førte til ein vanskeleg barndom for han. Sånn sett har Livien sjølv fått ein del problem i livet sitt etter kvart, sidan han ikkje klarar å gi slepp på fortida.

Filmen er ikkje alltid like lett å forstå, og gir rom for ulike tolkingar undervegs. Det er ikkje alltid like lett å oppfatte kva som er verkelegheit og kva som er inni hovudet til Livien.

Med litt vinglete kamera blir me leia gjennom 90 minuttar i eit mørkt, psykologisk drama, der Jason Behr gjer ei god rolle som Livien, og Dominic Monaghan leverer heilt greitt som Owen, ein nær venn av Livien. Sarah Wynter kjem inn i starten som Emi, ei slags Yoko Ono som skapar uro i gruppa, men det utviklar seg ikkje særleg vidare i den retninga. Så eg tar Yoko Ono-samanlikninga tilbake.

Det største problemet med ein slik film, men skodespelarar eg kjenner frå seriar (Jason Behr frå Roswell, Dominic Monaghan etter kvart meir som fyren frå Lost enn som hobbiten frå The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring) er å unngå å samanlikne.

John Livien versus Max Evans er null problem å skilje, og Jason Behr gjer denne rolla bra, overraskande bra.

Owen versus Charlie er meir like, begge to er bandmedlemmer, det var derfor litt vanskeleg for meg å sjå Owen som meir fornuftig enn Charlie, noko han er. Dette øydelagde litt for meg, men ikkje så mykje som det litt for rolege tempoet i filmen.

Etter 45 minuttar kjeda eg meg litt, og følte eg hadde sett det meste, utan å bry meg om kva som faktisk kom til å skje vidare. Det som elles trakk opp var musikken, vokalen til Livien er det Fionn O Lochlainn som står bak, noko som og gjeld songtekstane.