Hopp til hovedinnhold
Plakat for Short Circuit (1986)

Short Circuit

Film
3

Eit lyn slår ned i ein militærrobot. Roboten held fram å fungere, men byrjar å følge førehandsprogrammerte innstillingar søker han nye innspel.

Det er to ting som står seg fram i Short Circuit. Roboten Number 5 først. Bak ei irriterande stemme er det fullt av humor, og situasjonane han hamnar i er pur underhaldning. Deretter er det Ally Sheedy sitt samspel med Number 5, som opnar for enda fleire artige episodar.

Bill Thompson på Bill’s Movie Emporium (billsmovieemporium.wordpress.com) meiner Number 5 er eit morosamt og vellukka unntak i ein film han elles finn både klisjéfylt og dårleg laga. Han får likevel stor underhaldning ut av alt det osteaktige. Eg har meir sans for delar av filmen som vanleg komedie. Roboten og samspelet med Ally Sheedy fungerer fint nok, medan det er handlinga rundt motstandarane som tek bort noko av gleda.

Framstillinga av motstanden til Number 5 og den vesle alliansen hans er det store minuset. Handlinga til Militæret er irrasjonelt og heng ikkje på greip, til vonbrot for potensiell spenning.