Short Peace er ei samling fire kortfilmar og animear. Katsuhiro Ôtomo står bak ein av dei, og var årsaka til at eg såg denne samlinga. Han stod også bak mangaene som animefavoritten min Memorîzu er basert på.
Første film er Possessions. Ein mann søker ly i ein forlatt bygning som er heimsøkt av øydelagte gjenstandar. Han tar utfordringa på strak arm, reperatør som han er, og fiksar tinga fortløpande. Dette er eit humoristisk og fargerik innslag. Mannen er ein hardhaus og tøff kar, men endar opp med å kjempe med lim, pensel, nål og tråd. Ein god start på Short Peace.
Combustible er ein kort sak som sannsynlegvis er inspirert av ein stor brann som ramma den japanske hovudstaden Edo på 1600-talet. Han handlar om ei kvinne som er trulova med ein, men er forelska i ein annan. Han er fortalt som gamle teikningar frå papirrullar, som har blitt gitt liv til, og har ein særeigen teikneseriestil på grunn av dette.
Nummer tre ut var Gambo. Ein kvit bjørn kjempar mot ein raud demon. Det er i hovudtrekk denne filmen. Eg hadde mista litt av konsentrasjonen og interessa så langt ut i Short Peace. Forventingane var store med Memorîzu i minnet, og hittil hadde ingen av kortfilmane innfridd. Men Gambo byr i det minste på ein grusam demon og brutale slåstscener. Så eg fekk gradvis ei interesse tilbake.
Den siste filmen var noko heilt anna. A Farewell to Weapons er ei apokalyptisk og militær forteljing frå eit framtidig Tokyo. Mens dei andre filmane hadde historier lagt til fortida, var dette med moderne våpen og robotar, og meir i mi gate. Ei gruppe soldatar skal ta seg inn til nokre bygningar som framleis står igjen av Tokyo, for å ta knekken på nokon farlege robotoar. Det er artig med eit skifte i tempo som dette, men ulempa her er at denne filmen blir for lang. Det er mykje action, men ikkje så mykje anna.
Eg hadde forventa meir av Short Peace, men blei nok litt skuffa. Neste gong eg skal sjå meir der Katsuhiro Ôtomo har hatt ein finger med i spelet, så går eg bakover i tid og prøver meg på Neo Tokyo eller Robot Carnival.