Hopp til hovedinnhold
Plakat for Shurayuki-hime (1973)

Shurayuki-hime

Film
3

Shurayukihime er filmen om ei ung kvinne som set ut for å hemne ugjerningane som blei gjort mot mora og faren. Heile livet hennar har vore målretta trening til dette.

Fire personar skal døy i denne stilfulle japanske kultklassikaren. Ein film eg første gang høyrte om i samband med Kill Bill av Quentin Tarantino. Bilde og lyd blir brukt etter alle regler for å gi dette eit distinkt preg. Freeze frame og kutting av lyd ligg høgt på lista, og er effektfulle verkemiddel. Og som tittelen kan gi inntrykk av, så er dette ei blodig affære.

Shurayukihime, også kjent som Lady Snowblood, er ein god film. Største kritikken eg kan gi er at det i blant stoppar litt opp. Men utover det er dette både god historie og underhaldning. Sjølv om filmen drar på åra, er det ingenting som verkar datert. Tvert i mot framstår dette som ein original film og eit frisk pust, trass i at eg har sett min del filmar før eg komme til denne.

Tom Gillespie på The Wrath of Blog (the-wrath-of-blog.blogspot.com) meiner filmen skil seg ut fordi han bygger ei historie rundt kvart mål, framfor å berre gå frå kamp til kamp. Han rosar også dei vakre bileta, men synest tempoet stundom blir for lågt. Det ligg nær mi oppleving. Den personlege historia og det tydelege visuelle uttrykket gir blodspruten ei ramme som fungerer, sjølv når framdrifta stoppar litt opp.