Hopp til hovedinnhold
Plakat for Shutter (2004)

Shutter

Film
3

Ein på mange måtar typisk asiatisk skrekkfilm, som legg vekt på fotografiet som medium der ånder eller spøkelse viser at dei finst. Protagonisten Tun (Ananda Everingham), som dukka opp på skjermen akkurat når eg sette mitt første jafs i ein tunfisktortilla, er fotograf og såleis omringa av bilde store delar av dagen. Både nye og gamle bilde. Ein dag merker han at nokon av bilda som er tekne ved hans gamle college, har ein kvit skugge på seg. Omkring samtidig byrjar skikkeleg skumle ting å skje.

Det som eg likte med denne filmen, i tillegg til det at han gav meg over gjennomsnittleg med reisande hår i nakken og fekk meg til å skvette ein del, er klippinga. Opplegget går ut på at filmen gir ei scene som er relevant; når poenget med scena er komme fram så blir det klipt, gjerne brått, men elegant, over til ei ny scene. Enkelte spørsmål kan eg stille meg til kva som hendte i mellom, men det er ikkje nødvendig for meg å vite. Og filmen får eit godt tempo og ei perfekt lengd på grunn av dette òg.

Sarah E. Jahier framhevar lyssettinga på Fatally Yours’ Horror Reviews (fatallyyoursreviews.blogspot.com), særleg korleis kamerablitsen kan gi korte glimt av det me er redde for å sjå. Ho meiner gjennomføringa får dei velkjende grepa til å skremme likevel. Det utfyller godt gleda mi over klippinga. Filmen veit både kor mykje han skal vise, og når han skal ta oss vidare, slik at uttrykket held nerven oppe.