Sidewalks of New York er den fjerde fimen som Edward Burns har skrive manus til, regissert og spelt i sjølv. Edward Burns er ein regissør eg verkeleg har fått sansen for. Han har sin eigen stemme, stil og gjer også eigne greier. Noko eg har skrive litt meir om i samband med Nice Guy Johnny.
Sidewalks of New York er ein av dei filmane som gjer at eg nokon gonger trekk parallellar med Woody Allen. Dette gjeld mest i samanlikning med hans romantiske komediar sett til New York. Men Edward Burns har nok eit mindre filosofisk og psykologisk fokus, og går heller for tydelegare og meir kvardagslege menneskelege relasjonar.
Det er fleire par og korleis deira liv heng saman som er det sentrale her. Kvart par har sine liv, problem og gleder. Nyforelska, svindlande, med meir.
Eg likar romantiske komediar, og ekstra godt dei som også formidlar noko djupne. Det er også noko ekstra ved å finne ein regissør som skriv og regisserer sine eigne filmar, treff meg med innhaldet, og har endå fleire filmar å vise til etterpå. Det skapar moglegheit for å investere meir i kvar film, kjenne igjen trekk, og liknande.