
Sien nui yau wan
Eg hadde ein plan om å sjå trilogien. Altså dei tre første filmane som kom tettast. A Chinese Ghost Story kom i 1987, og oppfølgaren dukka opp i 1990. Men det blir med denne eine filmen.
Ein skatteinnkreviar tek tilhald i eit hjemsøkt tempel. Her blir han kjent med ei kvinne som er eit spøkelse. Ho blir tvungen av ein demon som tvingar spøkelsa sine til å drepe menn.
Det visuelle særpreget er det beste filmen har å by på. Dette er ei romantisk xianxia-skrekkfilm. Det er ein blandingssjanger som blandar kampsport, fantasielement og overnaturleg skrekk. Kameraet fyk rundt i scener, det er flygande skodespelarar og kostymer som flakkar i vinden. Det er leikent, men gjort med ei stødig han.
For meg blir det likevel for tøyeste. Filmen vil for mykje. Han vil vere skummel, romantisk og komisk. Nokon gonger fungerer det sånn passe.
Historia er nok problemet. Eg forstår kva som skjer, men det er ikkje nok til at eg bryr meg. Ting skjer fordi dei skal skje, eg saknar ein logikk eller ei kjerne som engasjerer meg.
Kanskje er det lettare å godta det merkelege når kjærleikshistoria fungerer. Azrael Bigler på Musings on Movies (azraelbigler.blogspot.com) forstår heller ikkje alt som skjer, og meiner at humoren stundom bommar. Likevel finn han forholdet mellom Ning og Nieh overraskande truverdig. Der skil me lag. For han gir dei to filmen eit feste, medan eg saknar nettopp ei slik kjerne å bry meg om.
Det er mogleg at dette er ein film eg skulle ha vore innforstått med for å sette pris på. Men for min del blir det altfor uinteressant til at eg vil halde fram med resten av serien.
