Hopp til hovedinnhold
Plakat for Silent Hill (2006)

Silent Hill

Film
2

Er dette ein dårleg adapsjon av spelet, eller ein dårleg reklame for spelet? Likevel om alt frå bilde til effektar og miljø er imponerande, får eg aldri kjensla av å sjå ein god film. Det blei å sitte der å vente på å sjå noko skikkeleg skremmande, som aldri kom.

Stemninga er litt guffen i starten, men den døde byen blir dyster og einsformig etter kvart. Min definisjon av ein god grøssar ligg ofte mykje nærare realiteten enn dette. Med Silent Hill så forventa eg meg ikkje så mykje av eni realistisk film, heller eit spel i filmdrakt. Og det er slik denne filmen er, eg kan tydeleg legge merke til den lineære utviklinga frå eit kva som helst spel, der eg går frå oppgåve til oppgåve, og til slutt hamnar nær ei endeleg løysing.

Men så var det graden av skummel litt for låg. Det er fint å sjå på, men ikkje nok.

Oppgåvene og dei stadige nye møta blir vurderte meir positivt på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com). Skribenten meiner filmen tek vare på kjensla frå eit spel utan berre å bli action, og finn meir glede i mysteriet enn i skvettescenene. Eg legg merke til mykje av den same strukturen, men opplever han som ei avgrensing. Det hjelper ikkje at verda er fint laga når ventinga på neste oppgåve etter kvart blir sterkare enn uhygga.