Silent Hill - Filmdagbok

Silent Hill 2006

Er dette ein dårleg adapsjon av spelet, eller ein dårleg reklame for spelet? Likevel om alt frå bilde til effektar og miljø er imponerande, får eg aldri kjensla av å sjå ein god film. Det blei å sitje der å vente på å sjå noko skikkeleg skremmande, som aldri kom.

Stemninga er litt guffen i starten, men den døde byen blir dyster og einsformig etter kvart. Min definisjon av ein god grøssar ligg ofte mykje nærare realiteten enn dette. Med Silent Hill så forventa eg meg ikkje så mykje av eni realistisk film, heller eit spel i filmdrakt. Og det er slik denne filmen er, eg kan tydeleg legge merke til den lineære utviklinga frå eit kva som helst spel, der eg går frå oppgåve til oppgåve, og til slutt hamnar nær ei endeleg løysing.

Men så var det graden av skummel litt for låg. Det er fint å sjå på, men ikkje nok.