Hopp til hovedinnhold
Plakat for Silent Night, Deadly Night Part 2 (1987)

Silent Night, Deadly Night Part 2

Film
1

Silent Night, Deadly Night Part 2 er ein real dritfilm. Det var også Silent Night, Deadly Night, forløparen til filmen, som eg såg for fire år sidan. Men eg enda opp med å sjå oppfølgaren likevel.

Det er ikkje å overdrive når eg seier at halve filmen er ei oppsummering av forløparen. Med omtrent samanhengande klipp frå forløparen. Greia er at me i Silent Night, Deadly Night Part 2 møter på broren til han som var mordaren i den første. Og i den første halvdelen av filmen fortel han historia til broren, med detaljar som berre broren kunne ha visst om. Men logikk er jo berre eit hinder for denne filmen, så drit i det.

Etter dette så prøver filmen å etablere bakhistoria til vår nye psykopat, og vise oss dei grufulle tinga han har gjort, For han tar det mot ein slutt og eit klimaks. Innimellom dette har filmen utruleg nok eit par morosamt dårlege scener, og sjølv om alt heng i ein tynn tråd av det som gjeld samanheng og logikk, så går det framover på eit vis.

Det er meir glede å hente i det dårlege for skribenten på The Late Night Horror Drive-In (lastroadreviews.wordpress.com). Omtalen er også lei av alle klippa frå den første filmen, men finn stor underhaldning i replikkane og det valdsame skodespelet til Eric Freeman når den nye historia kjem i gang. Eg finn berre nokre få slike lyspunkt. Dei er for spreidde til å betale tilbake tida som går med til gjenbruk og meiningslaus samanheng.

Julestemning? Nei. God film? Nei. Dårleg morosam? Litt. Verdt å sjå? Nei, men kanskje ja fordi han er litt morosam så vidt, men så nei igjen, for det finst betre dårlege morosame filmar å sjå.