Silent Night, Deadly Night Part 2 - Filmdagbok

Silent Night, Deadly Night Part 2 1987

Silent Night, Deadly Night 2 er ein real dritfilm. Det var også Silent Night, Deadly Night, forløparen til filmen, som eg såg for fire år sidan. Men eg enda opp med å sjå oppfølgjaren likevel.

Det er ikkje å overdrive når eg seier at halve filmen er ei oppsummering av forløparen. Med omtrent samanhengande klipp frå forløparen. Greia er at me i Silent Night, Deadly Night 2 møter på broren til han som var mordaren i den første. Og i den første halvdelen av filmen fortel han historia til broren, med detaljar som berre broren kunne ha visst om. Men logikk er jo berre eit hinder for denne filmen, så drit i det.

Etter dette så prøver filmen å etablere bakhistoria til vår nye psykopat, og vise oss dei grufulle tinga han har gjort, For han tar det mot ein slutt og eit klimaks. Innimellom dette har filmen utruleg nok eit par morosamt dårlege scener, og sjølv om alt heng i ein tynn tråd av det som gjeld samanheng og logikk, så går det framover på eit vis.

Julestemning? Nei. God film? Nei. Dårleg morosam? Litt. Verdt å sjå? Nei, men kanskje ja fordi han er litt morosam så vidt, men så nei igjen, for det finst betre dårlege morosame filmar å sjå.