Hopp til hovedinnhold
Plakat for Silverado (1985)

Silverado

Film
3

Ein fartsfylt western med Kevin Kline, Kevin Costner og Danny Glover, blant anna. Men Scott Glenn kjem ut av det heile som den beste typiske revolvermannen.

Musikken er etter min smak altfor overdådig, men det er klart han er med på å sette stemninga på rett spor. Ingen ting eg la spesielt merke til som utmerka seg med denne filmen likevel, og det var lenge uklart kva historia til folk var, noko som eg følte gjekk utover handlinga retta framover.

Det pompøse uttrykket er ein del av sjarmen for skribenten på Meandering Milieu (fangsfirst.wordpress.com). Han meiner musikken og dei store, velkjende westernaugneblinka høyrer saman, og godtek klisjeane som del av leiken. Scott Glenn får også ros som den typiske revolvermannen. Der kjenner eg meg godt att, men eg blir mindre riven med av heilskapen. Musikken set rett stemning, utan at eg dermed sluttar å merke kor overdådig han er.