Hopp til hovedinnhold
Plakat for Six Men Getting Sick (1967)

Six Men Getting Sick

Film
2

Six Men Getting Sick var David Lynch sin aller første film. Filmen kosta han 200 amerikanske dollar å lage og varer i knappe fire minuttar. Me får sjå ein animert sekvens opp igjen seks gonger og høyrer ei ulande sirene på lydsporet.

Som kunstfilm er dette ein absolutt tolmodprøve. Sjølve animasjonen er faktisk litt stilig, men har dette noko meining?

Anton Bitel foreslår ei meining med gjentakinga på Senses of Cinema (sensesofcinema.com). Han les filmen som eit uttrykk for at indre uro kjem til overflata, og at det fortrengde stadig vender tilbake. Det er ei meir fruktbar tolking enn å sjå sekvensen som berre noko som går i ring. Eg synest framleis dette krev tolmod, men med den lesinga får repetisjonen i det minste ein funksjon.