Skjult - Filmdagbok

Skjult 2009

Norsk skrekkfilm er eit kapittel for seg sjølv. Det same må bli sagt om Kristoffer Joner. Og nok ein gong, seks år etter Villmark, er desse to foreint på nytt i tilsynet av Pål Øie.

Ei dyster lita bygd med ei tragisk historie, eit gammalt hus på ein bakketopp og ein mann som kjem heim igjen for å gravleggje si avlidne mor. På sitt beste har Skjult litt av den trolske stemninga frå Twin Peaks og den pressande atmosfæren frå The Shining. Mørke granskogar, fossefall, personar med uvisse motivasjonar og eit mørkt hotell er med på å framheve dette rundt mannen.

Mannen (Kristoffer Joner) er som dei fleste andre rollefigurane i filmen, ein person som er vrien å få tak på. Han har ei fortid som blir halde tilbake, og trass i at bygda er ei lita ei, er historia og sambandet hans med dei andre på staden, vag på sitt beste. Alt dette er gode ting, ei god skrekkfilm er ofte ein som skjuler informasjon i staden for å blottlegge.

Lenge er Skjult med på å gi gåsehud, med pirrande sekvensar som involverer den tradisjonell knirkinga og dei lange skuggane. Få av rollefigurane er irriterande idiotar som er skapt for å tulle ting til, og fleire av dei gir minimale innsyn i historiene sine. Men igjen kan tilbakehaldinga av detaljar vere ein fordel, både for å avgrense avstikkarane og potensielt utvide universet til filmen med uvissa.

Eg har vore raus med godorda. Dessutan har eg gitt filmen ein høg karakter. Det betyr ikkje at Skjult er fri frå feil. Kanskje har eg vore for raus, for bak det som til sjuande og sist berre er eit tal, er ein film som trass i rik stemning dør litt ut når innspurten nærmar seg. Dette har ikkje med at filmen manglar fart og spenning, noko du ikkje bør vente deg mykje av, men andre ting. Ting eg sjølvsagt ikkje har tenkt å nemne.

Sluttresultatet blir likevel ein av dei betre norske skrekkfilmane til dags dato. Ein som har gått inn for å dyrke gåsehud og spare inn på blodbudsjettet. Rollefigurane og prestasjonane bak desse er kanskje ikkje det mest sentrale ved filmen, men dei er då heller ikkje svake.