Etter å ha sett filmtraileren hadde eg høge forventingar til denne filmen, og han skuffa ikkje. Fullpakka med spenning, ikkje noko nervepirrande, og veldig underhaldande.
Ein humoristisk undertone gjorde at filmen ikkje fekk det høgtidelege preget som pregar filmar av høge budsjett i heltesjangeren. Noko som ofte trekk filmar ned.
Som fan av Last Exile var det også artig å sjå parallellane til denne animeserien, om det ikkje blir motsett då, sidan ideen til Sky Captain and the World of Tomorrow nok er eldre enn serien?