
Skyfall
I James Bond-film nummer 23 står James Bond ovanfor eit angrep på bygningen til MI6. Ein tidlegare MI6-agent står bak, og dreg med dette i gang eit omfattande spel som i stor grad involverer M og Q.
Skyfall er ein av dei minst glamorøse James Bond-filmane. Det er ein mørk og dyster sak, og inneheld det eg ser på som ein av dei meste dryge filmsekvensane eg har sett i år. Som i kjedeleg. Alt før denne sekvensen er i grunn heilt greitt, men er på sett og vis òg litt anonymt.
Skuffinga finst òg på On the Screen Reviews (onthescreenreviews.com), sjølv om skribenten får meir glede av actionen enn eg gjer. Der er innvendinga at dei flotte scenene ikkje blir følgde av godt nok utvikla forhold mellom personane. Me blir skuffa av ulike grunnar. For meg blir den mørke tonen og den lange sekvensen eg slit med, større hinder enn det visuelle kan vege opp for.
