Sleeping with Other People evnar til å bli det Jupp Apatow ein gong brukte å levere. Litt kvikke og på kanten filmar, men med gode karakterar og evna til å halde seg innanfor der det gjeld.
Alison Brie og Jason Sudeikis er to like personar som møtes igjen mange år etter college.
Ho har eit usunt forhold til ein fyr ho alltid har likt, men aldri har vore i lag med. Og som såleis har bidratt til å øydelegga hennar forhold.
Han har aldri kunne hatt eit seriøst forhold, og har alltid gått inn for å sabotere det som er i ferd med å bli dette.
Etter gjenforeininga blir dei gode venner, ettersom dei er sånn cirka på bølgelengde. Og dei klarer på sett å vis å komme seg gradvis ut av dei repeterande handlingane sine. Samtidig som det skjer nok av sprø greier undervegs.
Mest overraskande med Sleeping with Other People er at det er eit meir seriøst drama enn eg hadde forventa. Problematikken og konsekvensane her er ikkje alltid komisk eller hyggeleg. Filmen er ærleg på ein fin måte, og ein måte som sannsynlegvis berre film kan.
Det tar nok aldri av, men totalt sett er det godt nok til å vere verdt tida.