Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sleuth (1972)

Sleuth

Film
4

Ei nyinnspeling av denne duellen mellom Laurence Olivier og Michael Caine står på troppene, og har vel allereie blitt vist i enkelte samanhengar. Michael Caine møter der Jude Law, som skal spele rolla Michael Caine hadde i første.

Men no har eg altså sett 1972-versjonen. Og for ein film. I nesten to og ein halv time følger me herremennene Andrew Wyke, godseigar og forfattar, og Milo Tindle, frisørsalongeigar. Dei møtes etter at Tindle har lagt sin elsk på kona til Wyke. Forutan kulturkrasjet mellom desse er Wyke open for forholdet Tindle har med kona hans. Han tilbyr faktisk å hjelpe Tindle økonomisk ved å la han stela nokon juvelar han eig, men då må Tindle vere med på ein leik. Wyke er svært interessert i gamle leiketøy og spel, men og i meir seriøse rollespel.

Det er nettopp i den retninga filmen utviklar seg. To intelligente, vaksne menn driv handlinga med smart og humoristisk dialog. Wyke er populær innan krim- og politietterforskarsjangeren, så filmen er full av element frå krim, og er noko av det beste eg har sett i retninga ved sidan av krimfilmane til Woody Allen.

To skodespelarar og eit avgrensa rom kan tydelegvis vere meir enn nok. Nick Cardillo på The Consulting Detective (the-consulting-detective.blogspot.com) meiner det teatralske preget forsterkar spenninga, og rosar særleg Laurence Olivier i duellen med Michael Caine. Det er lett å vere samd i at filmen lever på desse prestasjonane. Leiken med krimsjangeren blir engasjerande fordi replikkane heile tida er del av kampen mellom dei.