Slightly Single in L.A. med Lacey Chabert i hovudrolla er ei tynn suppe av ein romantisk komedie. Om ei kvinne som har maks uhell i å ha kjærast, der fleire har vore utru mot ho og fått ho til å miste fullstendig trua på det motsette kjønn. Når ein tidlegare venn og suksessrik rockemusikar dukkar opp igjen i livet hennar, vel ho å unngå å bli såra, og går kanskje glipp av moglegheitene?
Lacey Chabert og dei andre skodespelarar er alle gjengangarar i tv-filmar. Med tanke på den svært enkle og føreseielege handlinga, og delvis enkle produksjon, er det inntrykket eg får av filmen. Ikkje nødvendigvis negativt at det er enkelt, men eg forventar litt meir av film eg veit er laga for kino enn for tv. Og det er altså i uoppfylte forventingar eg meiner filmen ikkje leverer.
Sett bort frå dette så er filmen stort sett grei med tanke på innhaldet, men også passe kjedelege og sein i framdrifta at at eg stadig vekk pausar han.