Hopp til hovedinnhold
Plakat for Slightly Single in L.A. (2013)

Slightly Single in L.A.

Film
2

Slightly Single in L.A. med Lacey Chabert i hovudrolla er ei tynn suppe av ein romantisk komedie. Om ei kvinne som har maks uhell i å ha kjærast, der fleire har vore utru mot ho og fått ho til å miste fullstendig trua på det motsette kjønn. Når ein tidlegare venn og suksessrik rockemusikar dukkar opp igjen i livet hennar, vel ho å unngå å bli såra, og går kanskje glipp av moglegheitene?

Lacey Chabert og dei andre skodespelarar er alle gjengangarar i tv-filmar. Med tanke på den svært enkle og føreseielege handlinga, og delvis enkle produksjon, er det inntrykket eg får av filmen. Ikkje nødvendigvis negativt at det er enkelt, men eg forventar litt meir av film eg veit er laga for kino enn for tv. Og det er altså i uoppfylte forventingar eg meiner filmen ikkje leverer.

Sett bort frå dette så er filmen stort sett grei med tanke på innhaldet, men også passe kjedelege og sein i framdrifta at eg stadig vekk pausar han.

Tyler Foster på DVD Talk (dvdtalk.com) er langt strengare, men peikar på noko av den same manglande framdrifta. Han meiner den tynne konflikten og dei utslitne typane ikkje gir oss nok til å bli med heilt fram. Eg opplever ikkje alt like dårleg, men saknar også noko å feste interessa i. Ei enkel historie kan vere grei, så lenge personane eller humoren gir henne litt meir liv.