Slither - Filmdagbok

Slither 2006

Slither fekk ein plass på topplista mi over filmar sett i 2006. Difor var eg skeptisk til å sjå han igjen. Tenk om han ikkje skulle leve opp til forventingane før gjensynet. Bekymringane såg raskt ut til å vere forgjeves, Slither er utan tvil like god, om nesten betre.

Nathan Fillion er sheriff i småbyen Wheelsy. Det som til vanleg er ein roleg småby blir eit rote hol utan like når eit mannevondt romvesen dukkar opp. Nathan Fillion er sjølvsagt veldig kul. Det skader heller ikkje å ha med Don Thompson og Michael Rooker.

Dette er ein herleg, uhøgtideleg alien horror splatter utan like, full av gullkorn heile vegen. Enkelt kanskje, men likevel så morosamt. Akkurat passe lang til at det heile tida er underhaldande, og ei historie så enkel som ein gjennomsnittlege B-film. Er du generelt fan av grøssarar med romvesen bør dette vere ein prioritert film, men også viss du er fan av Nathan Fillion som moromann på nivå med det han er i Firefly. Ein ting som er sikkert, dette er grotesk.

I oppbygginga er Slither på mange måtar ein typisk B-film, utan at det treng vere negativt. Handlinga og dialogen er oftast enkel, men godt gjennomført, enkel og ikkje minst utruleg artig. Artig er derimot ikkje noko for sarte sjeler, forvent ein stor porsjon blod og gørr.