
Slumdog Millionaire
Ein indisk 18-åring har fått bli med på den indiske versjonen av Who Wants to be a Millionaire? Han står eit spørsmål i frå å vinne førstepremien.
Filmen hoppar mellom tv-programmet og tilbakeblikk på livet i slummen. Så i det han har det siste spørsmålet igjen, er sendinga over, og han bli skulda for å jukse.
I avhøyr med politiet fortel han historia om fortida si. Om ei jente, om gjengar og andre delar av livet hans som forklarer korleis han som gategut kan ha lært svara som har sendt han til siste runde i Who Wants to be a Millionaire?
Dette er ein film som satsar både på det fargerike me ofte forbind med India, samtidig som fattigdom og kontrastar også er viktig. Det er ein både lystig og emosjonell film, og ein god ein.
Fargane og oppvekstskildringa begeistrar også på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com), men der blir overgangen til dei eldre hovudpersonane eit stort problem. Omtalen meiner personane blir flatare og forteljinga tregare når romantikken tek over. Eg sit att med ei meir positiv oppleving av blandinga, men skjønar skiljet han dreg opp. Filmen skal både få oss til å kjenne på det vonde i livet og tru på eit eventyr, og dei to ambisjonane krev ulike ting av forteljinga.
