Small Apartments - Filmdagbok

Small Apartments 2012

Svensken Jonas Åkerlund har med Small Apartments skapt eit flott, lite univers med gode hovud- og biroller.

Hovudrolla er ein tjukk, hårlaus og mogleg tilbakeståande mann. Han drøymer om å flytte til Sveits og har sitt eige alpehorn han likar å blåse i. Og så har han akkurat drepe husverten sin.

Det eg likte med Small Apartments er alle dei rare detaljane og fargerike folka. Men filmen gjer heldigvis ikkje narr av dei. Det er litt som i ein John Waters-film. Filmen handlar heller ikkje for mykje om konsekvensar. Folk er nok litt naive, men det fungerer.

Filmen skil seg positivt ut.