Holiday Miracle er blant det verste eg har sett i 2015. Sjeldan tyr eg til lågaste karakter, 1/5, men her var det liten tvil om karakteren allereie frå tidleg i filmen.
Det handlar om ein sheriff i ein liten by, som får besøk av ein nissefyr. Sheriffen er visst ein gretten type, men det er vanskeleg å ta skodespelet til Dean Cain seriøst her. Og resten av skodespelarane gjer ein tilsvarande elendig jobb.
Skal du ha ein film som ser billeg ut til å samanlikne med, så er Holiday Miracle ein god kandidat. Ingenting ser ekte ut, og ingen interaksjonar og handlingar verka naturlege.
Dette gjer at filmen blir opplevd som ein amatørsak, laga av ein vennegjeng utan mål, meining og midlar. Med eit interessant poeng eller noko anna for seg, så kunne det ha hatt sin enkle sjarm, men her er det ingenting av dette. Eg blir i grunn ikkje oppgitt, berre motlaus av å sjå på.
Som ein av julefilmane i år er dette eit klart lågpunkt blant andre filmar som heller ikkje alltid er topp. Forventingane mine var altså ikkje store.