Smart People hadde potensiale i frå første stund eg så klypp frå filmen. Ei ung og smart Ellen Page, ein halvfeit og miserabel Dennis Quaid, eit stykke gammal Saab og Thomas Haden Church – den siste kombinasjonen sist sett i den eminente Sideways, men det skal ikkje handle om vin denne gongen.
Lawrence Wetherhold (Dennis Quaid) er den misantropiske enkemannen og ein professor som underviser i engelsk litteratur og vektlegg intellekt framfor kjensler i folka han ferdast med. Elendig på namn og ansikts er han mindre populær blant studentane. To barn i slutten av tenåra og eit bilde på skrivebordet vitnar derimot om ei betre tid. Eit sjukehusbesøk og møte med den kvinnelege legen Janet Hartigan (Sarah Jessica Parker) kan bli vegen tilbake til lykke, men han vil i så fall bli vanskeleg.
Ved sidan av har den ambisiøse og skuleflinke dottera (Ellen Page) vanskeleg med å slå seg laus og blir nærmast eit prosjekt for den adopterte broren til Wetherhold (Thomas Haden Church) å opne verda for. Thomas Haden Church er i sitt ess som den fattige adoptivbroren, viss det å leve livet er viktigare enn å sikre seg jobb og bustad. Det er perfekt når Wetherhold treng sjåfør til Saab-en etter sjukehusbesøket. Thomas Haden Church blir likevel aldri ein parodi på den verste slauren og viser fleire sider ved ein karakter som passar utmerka blant mange kompliserte karakterar i det som er ein herleg film.
Den største faren her var at Smart People skulle trakke opp igjen for mange gamle spor. Meir enn ein film har dratt opp den mellomaldrande misantropen som kjem til et punkt i livet der han enten blir nøydd til å ta eit oppgjer med seg sjølv, enten for å komme seg vidare, eller ufrivillig når han hamnar midt oppi ein situasjon. Slik blei det altså ikkje, for meg blei dette både ei ny og god filmoppleving. Det er her gjort ei blanding av ein dysfunksjonell familie og gretten gubbe. Solide prestasjonar over heile linja av folk eg likar å sjå på skjermen var også med på å trekke opp. Elementa kan verke kjente, men blandinga er ypparleg.
Smart People blir ei lita anbefaling frå mi side til han som likar blandinga av drama og komedie, med vekt på drama og innslag av romantikk, men aldri sukkersøtt eller bygd opp som om alt før slutten var verdt null.