Hopp til hovedinnhold
Plakat for Snabba cash (2010)

Snabba cash

Film
3

Den svenske filmen Snabba cash handlar om ein student på handelshøgskulen som tek småkriminelle oppdrag ved sidan av studiet. Dette for å ha nok dekning på kontoen til å kunne omgi seg med dei rike studentane, og bli del av deira miljø.

Ein dag takkar han ja til eit godt betalt oppdrag, som gjer at han får alvor får foten innanfor i det kriminelle miljøet. Deretter er dette ein snøball som berre ballar på seg med drama og krim.

Filmen er den første av tre Snabba cash-filmar, og er den mest varierte og jordnære av dei. Om det går an å seie det om filmen, for han er forsåvidt ganske dryg etter kvart.

Det er ein film med ei handling som omfattar tung kriminalitet som smugling og våpen, narkotika og prostitusjon. Og det handlar om pengane og flyten av desse. Her er det mange gråsoner som blir kryssa, og det er lite som liknar på ein helt i filmen. Alle har på eit vis gjort eller vil gjere noko gale. Dette gjer for min del at eg må omstille meg til å ta dette som ei skildring av eit scenario, meir enn eg kan seie å bry meg om dei involverte. Kanskje det er med på å jekke filmen ned eit hakk til sjuande og sist.

Taxi Driver Film (taxidriverfilm.blogspot.com) legg meir vekt på kor autentisk filmen verkar, trass i nokre stereotype trekk. Skodespelarane får mykje av æra for det. Eg finn også ei jordnær side her, men kjenner større avstand til menneska i historia. Me kan tru på miljøet og likevel streve med å bry seg om dei som rører seg i det. Det er der filmen ikkje heilt grip meg.

Utover det er filmen kurant underhalding og ein fin thriller.