Hopp til hovedinnhold
Plakat for Snakes on a Plane (2006)

Snakes on a Plane

Film
2

Det store spørsmålet i forkant av eg såg Snakes on a Plane var om filmen kunne leve opp til dei skapte forventingane og det positive som har blitt sagt om han. Eg har halvveges hengt meg på denne bølga i ulike diskusjonsforum og besøk på sider med dei mange ulike versjonane av kinotrailerar, og veit såleis ikkje om det var på eit nøytralt grunnlag eg stilte før eg såg filmen.

Hovudsakleg handlar filmen om slangar på eit fly. Grunnen til at me i heile tatt er på eit fly etter kvart er på grunn av transporten av eit vitne. Vår mann, Samuel L. Jackson er FBI agent Neville Flynn og i leiinga av transporten. Eg skal ikkje bruke så mykje meir tid på å forklare omkring dette, men heller gå vidare til min eigen vesle dom eg har gjort om filmen.

Det finst verre filmar som har komme rett på kino, så Snakes on a Plane er ingen typisk rett på video-kandidat. Spesialeffektane held eit akseptabelt nivå, og eit par av skodespelarane er til vanleg ganske greie. Samuel L. Jackson er han som reddar filmen frå å bli ei tragisk suppe. Han har nokon utruleg fargerike kommentarar og talar innimellom, som har blitt flittig brukt i kinotrailerane.

I blant er filmen faktisk litt spennande, men ei scene som der trykket i kabinen blir drastisk forandra ved et lite kulehull i glaset klarer ikkje gjere andre inntrykk på meg enn å fnyse av faktafeil. Bortsett frå denne eine store enkle tingen hadde eg ingen problem med slikt.

Filmen har hovudsakleg to delar. Den eine går føre seg på Hawaii, den andre på flyet. Det blir difor kjedeleg i lengda når dialogar ikkje klarer å erstatte mangelen på ei god historie. Halve filmen er dopa slangar på eit fly som bit folk som hyler og spring og er redde og ventar på ein lykkeleg slutt. Halvdelen før dette er oppbygginga til dopa slangar på eit fly som bit folk som hyler og spring og er redde og ventar på ein lykkeleg slutt.

Forventingane frå nettet er også utgangspunktet til Scott Mendelson på Mendelson’s Memos (scottalanmendelson.blogspot.com). Han meiner filmen fungerer som ein nokså rett fram thriller, men at dei mest demonstrativt kule innslaga bryt med resten. Særleg reagerer han på den berømte replikken til Samuel L. Jackson. Eg får meir glede av kommentarane, men blir mindre nøgd med det som bind dei saman. Ein god idé og ein fargerik hovudperson fyller ikkje heile flyturen.