Kven kan ikkje like en beksvart komedie? Snatch er nok ein av dei betre, på linje med Lock, Stock and Two Smoking Barrels.
Ei godt skrive historie, samt godt skodespel, spesielt av Brad Pitt. Dette er ein av dei betre filmane eg har sett han i, men eg har tilgode å sjå Se7en da. God kameraføring, og med eit nydeleg gullbrunt filter over bilde, som passar perfekt til stemninga. Det er alltid noko som skjer, og filmen kastar ikkje vekk eit minutt. Ta flyturen frå USA til London, her er det ikkje kasta vekk eit sekund.
Dialogane er fylte med ordspel og referansar. Og enkle setningsvitsar dukkar sjeldan opp, men dei som dukkar opp er heldigvis gode. Mange av scenene er faktisk ganske så vakre å sjå på, trass i den mørke undertonen.