Sneakers - Filmdagbok

Sneakers 1992

Ei gruppe tekniske kyndige med Robert Redford i spissen utfører innbrot på bestilling for å teste sikkerheitssystem. Etter ein nyleg utført jobb blir dei kontakta av NSA, som ber dei stela ein liten boks, som visstnok er ein kodeknekkar.

Men ikkje alt går som det skal, og alle i miljøet som i filmen dannar seg rundt gruppa vår er ikkje dei me trur at dei er.

Sneakers er blant anna ei blanding av ei spionhistorie, løgner, komedie, mektige organisasjonar og kriminalitet. Det er solid underhalding, små stykke med informasjon til ettertanke, men filmen er også til tider forgifta av karakterar med tilsynelatande gode intensjonar, som ved nærare etterretning er kriminalitet og overgrep.

Med andre ord er eg med på spenningen og måten filmen er bygd opp på, men kunne ha blitt spart for mykje av dialogen som førebels skal gjere nokon av karakterane til gode personar.

Sneakers er altså solid nok, men ikkje særeigen nok til å bli ein klassikar. Eg har sett filmen før, men hadde stort sett gløymt alt, ettersom ingenting utmerkar seg som meir enn godt nok.