Snekker Andersen og julenissen er ein tradisjon for mange på julaftan, og ein kortfilm som NRK har sendt i fleire tiår. Det er ei forteljing om ein snikkar som blir julenisse for barna til julenissen, medan julenissen besøker barna til snikkaren.
Kortfilmen består av stilleståande teikningar og opplesing av Svein Erik Brodal. Historia er skrive av Alf Prøysen. Å kalle det teiknefilm er difor å ta litt i, det er meir som ein bildepresentasjon, men der er fornøyeleg uansett. Det er ei triveleg historie som er presis og tek ein humoristisk vri på jula ved å stille spørsmålet: Kva med barna til julenissen?