
Snekker Andersen og Julenissen
Snekker Andersen og Julenissen er ein julefilm basert på ei historie av Alf Prøysen. Det er ein kort film på 70 minuttar, men som likevel er meir omfattande enn den opprinnelege historia.
Med Trond Espen Seim i hovudrolla som snekkaren, er dette ein film som fortel historia om då Snekkar Andersen besøkte familien til julenissen på julaftan, og julenissen besøkte familien til snekkaren.
I blant dei delene som er den opphavlege historia, har filmen blitt krydra med ekstra idear. Det er stort sett små detaljar eller dramatiske grep for å treffe betre. Men ein unntak som trekk litt ned er når snekkaren på besøk hjå familien til julenissen blir vist eit rom med gåver. Det blir litt i overkant av spektakulær estetikk. For elles er filmen stort sett ein med beina planta i jorda. Eit budsjett på knappe tre og ein halv millionar kroner vitnar også om dette. Utan at filmen ser dårleg ut for det.
Samanlikna med den klassiske teikna varianten av Snekker Andersen og Julenissen frå 1973 held eg ein knapp på denne nye versjonen frå no av.
Den lune julestemninga får mykje ros av Tore Andre Øyås på Filmkikk (filmkikk.no). Han meiner filmen held seg innanfor trygge rammer, men at Trond Espen Seim gir snekkaren både sjarm og varme. Det er mykje av det same eg set pris på. Dei enkle sidene ved historia fungerer godt, og filmen treng ikkje dei mest spektakulære innslaga for å gjere inntrykk.
