
Sofies verden
Sofies verden er eit ambisiøst forsøk på å gjere Jostein Gaarder si filosofiske reise tilgjengeleg som ein enkel film. Resultatet er tynt. Mens boka er rik på idéar og inviterer til undring og refleksjon, blir filmen eit forenkla samandrag.
Det er lett å forstå at det er krevjande å gjere ein lang roman om filosofi om til ein kort spelefilm. Men det er nettopp denne kunsten ein filmskapar bør mestre om han skal gi seg i gong med eit slikt prosjekt. Her blir karakterane for enkle, det blir lite tid til filosofiske poeng.
Filmen har kanskje ein verdi for yngre sjåarar som stiller med blanke ark. Men for meg som har lese boka gir ikkje dette meg noko.
Bokkjennskap kan visst verke begge vegar. Pål Frostad skriv på Filmkikk (filmkikk.no) at han sette meir pris på filmen etter å ha lese boka, fordi samanhengane då vart lettare å forstå. Han saknar likevel meir av filosofien. Der han får hjelp av lesinga til å sette pris på filmatiseringa, blir eg meir merksam på det som manglar. Me er altså nærare kvarandre i kva som er redusert, enn i kor mykje reduksjonen gjer.
