Hopp til hovedinnhold
Plakat for Some Girl(s) (2013)

Some Girl(s)

Film
3

Some Girl(s) slår best an på to område som eigentleg ikkje seier noko om filmen i seg sjølv. Det eine er potensialet eg ser i historia, det andre er forholdet mitt til tidlegare filmar og seriar med skodespelarane.

Potensialet ligg i samtaleforma. Some Girl(s) består i hovudsak av eit utval samtalar mellom hovudpersonen (Adam Brody) og ekskjærastane hans. Men dei verkeleg gode samtalane uteblir, og eg aner berre konturane av ein interessant karakter som han kunne ha vore. Og som me gradvis kunne ha blitt kjent med, før eit eller anna bra skjedde mot slutten. Men det er altså ikkje slik.

Courtney Duckworth på Film Comment (filmcomment.com) finn også at klisjeane og den stive dialogen legg hinder i vegen for skodespelarane. Ho trekker likevel fram Zoe Kazan og Kristen Bell som særlege lyspunkt i møta med hovudpersonen. Det er mykje av frustrasjonen min også. Med desse folka og denne samtaleforma burde det ha vore rom for langt meir interessante utvekslingar enn filmen faktisk gir oss.

At eg har sansen for Adam Brody, Kristen Bell og Zoe Kazan betyr mest at eg var ekstra positivt innstilt, og at eg nok lét Some Girl(s) gå god for meir enn filmen er.