Someone Like You... - Filmdagbok

Someone Like You... 2001

Enkelte filmar står seg ekstra ut som typisk for sin periode. Der tema, karakterar, miljø og klede er faktorar som skil seg ut frå før og etter på ein sånn måte at det gir filmen eit spesielt preg.

Someone Like You... er dette. Ei kvinne som kritiserer menn på ein pseudovitenskapeleg måte i eit magasin er lett å samanlikne med Sex and the City sitt nesten liknande tema, og årstala overlappar. Karakterane er litt for kjekke, på ein måte som for meg er typisk for seint 1990-tal og tidleg 2000-tal, der bad boy-en i filmen sjølvsagt er den fornuftige og sensitive til slutt. På toppen har me fæle jeans, punktum.

Midt oppi det heile vil eg sei at Ashley Judd er i overkant anonym i hovudrolla. Eksempelvis er Marisa Tomei som venninna meir ein joker og ein karakter eg heller lurer på kva vil finne på.

Eg kan verke i overkant negativ, mens filmen faktisk vippar over på den positive sida. Det han set ut for å gjere, gjer han på ein akseptabel måte, utan særleg dødtid og med litt glimt i auge her og der. At det må gå som forventa i historia er også heilt greitt.