Hopp til hovedinnhold
Plakat for Somers Town (2008)

Somers Town

Film
4

Kjerna i Somers Town er to gutar som ikkje heilt har funne sin plass. Dei møter tilfeldigvis kvarandre i London.

Somers Town er ein film som balanserer lett og tung på godt vis. Han har mykje humor, men under er det noko trist som aldri heilt slepp taket. Filmen er i svart-kvit. Det kler historia godt, ho gjer det heile enkelt.

Forholdet mellom gutane Tomo og Marek er rørande. Dei er forskjellige, men finn noko felles. At dei òg forelskar seg i den same jenta bygg opp under at det dei har felles.

Shane Meadows har laga noko som er lettare enn det eg har sett før av han. Filmen er ikkje stor og dramatisk, han berre vise fram korleis eit tilfeldig møte kan bli viktig.

Den varme skildringa av vennskapet er også det Dave Calhoun set høgt på Time Out (timeout.com). Han finn mykje sjarm i dei små utfluktene, men meiner enkelte samantreff og avsluttinga bryt med truverdet elles. Eg sit att med ei meir heilskapleg glede. Nettopp kjensla av å få vere med gutane ei kort stund, utan ei stor dramatisk oppbygging, er noko av det eg likar best.

Ei lita perle av ein film. Passe kort og berre som ein bit av nokre liv.