Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sommaren med Monika (1953)

Sommaren med Monika

Film
3

Sommaren med Monika fortel historia om Harry og Monika. Dei er to unge menneske som fort finn tonen og blir nyforelska inn i sommaren. Det er ei enkel og fin handlinga som dreier seg rundt deira ønske om fridom og avstand frå sine vanlege liv. Dei er to motsetnader som møtes, og dette blir spennande å sjå korleis vil utfalde seg. Harry er den ansvarlege, og Monika er den drøymande.

Filmen studerer desse karakterane. Harry ser nok på sommarflukta som eit avbrekk, medan Monika vil ha eit nytt liv. Skildringa tek oss etter kvart frå den varme sommaren tilbake til den kvardagen.

Ulikskapen i draumane deira blir godt skildra av Alistair Nunn på Movie Musings (moviemusings.uk). Han meiner Monika vil vere fri frå det vanlege livet, medan Harry alt ser føre seg ein plass i det, med utdanning og arbeid. Sommaren kan gi dei eit felles pusterom, men ikkje eit felles mål. Det utdjupar nettopp motsetnaden eg synest var spennande. Dei er forelska i kvarandre, men kanskje ikkje i den same framtida.

Eg tykker at filmen har ei god tilnærming til ungdomsdrama. Passe direkte, men ikkje dumt. Han gir ei kurant skildring av to unge menneske sin kamp for fridom og meining. Tema er alvorleg, men ikkje tungt.