
Song One
Nokon få valde ord om Song One verkar å vere nødvendig for å forklare den noko svake rangeringa eg har gitt filmen.
Song One er eit drama som sentrerer rundt ein ung mann i koma, søstera hans og ein musikar. Anne Hathaway spelar søstera, og Johnny Flynn musikaren, og dei utviklar i løpet av filmen ei romantisk interesse for kvarandre.
Mitt problem med Song One er først og fremst at filmen er langsam, lite hendingsrik og dermed kjedeleg. Musikken er det ingenting i vegen for. Faktisk det motsette. Eg er i frå før av stor fan av Johnny Flynn og har vore det lenge. Og sjølv om han verkar noko ukomfortabel føre kamera, noko han også gjer i Lovesick, så verkar han naturleg ukomfortabel.
Etter å ha sett ferdig Song One har eg kjensla av å berre ha sett ei lang scene som blei dratt ut. Filmen har ikkje noko høgdepunkt eller vendepunkt å henge seg opp i. Så dette er ein film du med fordel kan unngå, men det skader ikkje å høyre filmmusikken.
Musikken reddar meir av filmen for skribenten på Musicsherlock’s Music Movie Monday (musicsherlock.wordpress.com) enn han gjer for meg. Omtalen finn handlinga omstendeleg og lite original, men likar framføringane og let seg likevel vinne over av det musikkprega uttrykket. Eg set også stor pris på lydsporet. Det er berre ikkje nok til å gi den lange, stille historia eit høgdepunkt eg kan feste meg ved.
