Soul Surfer - Filmdagbok

Soul Surfer 2011

I 2003 beit ein hai av venstre armen til surfaren Bethany Hamilton. Ho overlevde så vidt det store blodtapet. Og greidde både å byrje å surfe igjen, og vinne i profesjonelle meisterskap.

Soul Surfer er filmatiseringa av historia hennar, med AnnaSophia Robb i hovudrolla som Bethany Hamilton. Ein film til inspirasjon med tanke på å overvinne tap og ha pågangsmot.

Eit minus er derimot vektlegginga av religion, som godt mogleg er sentralt i historia og boka til Bethany Hamilton. For det er ein sterk karakter som driv denne historia, og eg har ikkje sansen for at dyktige personar med pågangsmot blir fråtatt æra for sin eigen innsats på nokon som helst måte. Dette er så gjennomsyra i filmen, at det tar bort litt av gleda.

Men elles er dette vakkert både visuelt og vegen historia tar. Sterke scener vil bli hugsa for god gjennomføring, i ein kombinasjon av oppbygginga til dei og skodespelet som blir gjort.

Soul Surfer ligg i mellomland mellom å vere ein grei film, og ein god film som kan anbefalast. Grunnen til å sjå han bør etter mi meining vere meir enn filmen åleine. Enten det er skodespelarane som er med, eller at du har ei interesse for sporten eller det å hente seg inn igjen etter ei slags ulykke.