Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sous le soleil de Satan (1987)

Sous le soleil de Satan

Film
2

Sous le soleil de Satan er ein spesiell fransk film frå 1987 med Gérard Depardieu i hovudrolla som prest.

Og for å seie det først som sist, så hang eg ikkje med på verken kva denne filmen ville fortelje, eller om det var noko logikk i oppbygginga av historia.

Kva tid er dei ulike innslaga i filmen sett i, fortid eller notid? Me ser ut til å hoppe framover i tid på eit tidspunkt. Kva er det som skjer? Og skal det vere ekte eller draumar?

Usikkerheita kan vere ein del av sjølve temaet. Charles Matthews på Misfortunes of Imaginary Beings (charlesmatthews.blogspot.com) spør om presten sine plager er mentale eller åndelege, og om skiljet eigentleg er mogleg å trekke. Han skildrar filmen som spent og pratsam. Det gir ein inngang til noko av det eg streva med, men gjer ikkje at eg i ettertid opplever historia som klarare eller lettare å følge.

Det er mykje prat, men dette går over hovudet på meg. Eller så er eg berre ikkje interessert nok til å konsentrere meg om det, for det er litt tyngre tematikk enn berre kvardagsleg prat.

Mot slutten har det skjedd noko med Gérard Depardieus karakter, og dette fekk eg aldri taket i korleis skjedde. Så alt blei berre merkeleg, og blei ikkje noko god oppleving totalt sett.