Hopp til hovedinnhold
Plakat for Southland Tales (2007)

Southland Tales

Film
3

Southland Tales, den etterlengta filmen til Richard Kelly, mannen bak ein av mine desiderte favorittfilmar Donnie Darko, har latt vente på seg, lenge. Naturlegvis har det vore knytt store forventingar til dette prosjektet, sjølv om festivalvising av ein tidleg versjon fekk hard medfart hjå kritikarar. Etter premieren under Cannes-festivalen i mai 2006 vart filmen likevel plukka opp av Sony. Ein avtale om å korte ned lengda mot å få meir støtte til nødvendige spesialeffektar blei gjort og reduserte musikalske innslag og sentrale karakterar i filmen.

Dwayne Johnson, Sarah Michelle Gellar, Seann William Scott og Justin Timberlake spelar i denne omfattande filmen som tok både tid og krefter for å skjønne nødvendig samanheng i. I grunn er det jævla stilig alt som skjer. Me er i eit framtidig Los Angeles, den moderne verda er på randen av eit økonomisk og politisk samanbrot. Gjennom forteljingane til fire karakterar, som handlar om utpressing, overvaking, tidsskrift og ein profeti som spår at verda vil gå under med eit stort smell og ikkje eit lite klynk, er alt knytt saman på ein merkverdig måte. Å prøve meg på eit fornuftig handlingsreferat vil enten drepe meg eller tolmodet ditt.

I staden kan eg heller sei litt om kva Southland Tales minnar meg om. Stemninga har litt David Lynch over seg med musikk av Moby, på ei anna side er det som ei Philip K. Dick-historie, veldig science fiction og samfunnsengasjert. Måten han gjer oss kjende med historia på, minner særleg innleiingsvis om eit dataspel som Command & Conquer. Så hoppar me inn i det fjerde kapittelet av Southland Tales. Dei tre første kapitla finst i teikneserieform, skrivne av Richard Kelly og teikna av Brett Weldele. Eg har ingen erfaringar med desse, kanskje dei gjer filmsjåinga ein heil del lettare?

Southland Tales byr heilt klart på ei unik filmoppleving. Han er nok føre si tid. Innimellom sper Richard Kelly på med så mange detaljar og så få ord i eit komplisert klippemønster at eg blir reint forvirra. Men det trengst kanskje berre trening for å forstå det. Inntil filmvanane våre eventuelt har utvikla seg dit, trur eg det trengst fleire visingar for å fatte det store bildet. No høyrest det ut som Southland Tales er noko veldig kompliserte greier, det er vel kanskje å smørje litt tjukt på, eg fekk jo med meg nok til å like dette.

Ja, eg likte dette, mykje takka vere den flotte samansettinga av skodespelarar, også på grunn av apokalypsen, ein subjektiv ide om ei mogleg framtid og science fiction-element. Det heile er litt for langt, men det går.

Nick Clement på Podcasting Them Softly (podcastingthemsoftly.com) har fått meir ut av filmen ved gjensyn. Det tette midtpartiet verka først som omvegar, men har etter kvart opna seg for han som noko det er verdt å granske nærare. Det gir i alle fall støtte til tanken min om at fleire visingar kan hjelpe. Eg blir stundom forvirra, men synest ambisjonane og alle dei rare samankoplingane gir nok tilbake til at eg vil vere med.