
Spaceballs
Spaceballs er ein Star Wars-parodi frå tiåret til dein parodiske filmane, 1980-talet. Mel Brooks står for regi og manus, og hans distinkte humoristiske stil er lett å kjenne igjen også i Spaceballs. Ein stil som består av noko tørre vitsar og svært opplagte poeng, men utført med god timing.
Også andre filmar blir parodiert, men hovudsakleg er historia er variant av Star Wars frå 1977. Berre enklare, og med vekt på dumskapar.
Det skal bli nemnt at dette er tankar skrivne i 2016 om mitt gjensyn med filmen sidan eg såg han første gong tidleg 2000-tal. Og tankane passar godt til det eg tykker i 2024. Den gongen likte eg ikkje filmen, men ettersom åra har gått har smaken endra seg, og eg har innsett at eg kunne like Spaceballs om eg gav han ein nye sjanse. Dette viste seg å stemme. Dette er faktisk passe morosamt i sitt tull. At det tar heilt av vil eg ikkje påstå, men det er fornøyeleg.
Det er dei små tinga som gjer dette morosamt. Eksempelvis er det mange detaljar som tilseier at filmskaparen tok eit val som at noko ikkje er viktig. Det mest framståande av desse var for min del at karakterane kan puste i verdsrommet. I lys av alt tullet er det ikkje viktig å halde oppe fysiske lover, ergo kan du kutte ut vektlegging av bruk av romdrakter.
Den uhøgtidelege tonen får endå sterkare ros frå Ian Farrington (ianfarrington.wordpress.com). Han meiner dei opplagte Star Wars-vitsane stort sett fungerer, og likar særleg grepet der karakterane ser ein kopi av sin eigen film for å finne prinsessa. Eg er ikkje like begeistra for alt, men kjenner att gleda i at filmen behandlar sine eigne reglar så lettvint.
Eit anna punkt eg vil nemne er ein flott figur gjort av Daphne Zuniga som prinsesse Vespa. Ho har meir personlegdom enn dei fleste andre karakterane.
Utover dette består filmen mest av overdrivingar, dumskapar, og anna uhøgtideleg og uskyldig humor.
For ordens skuld, eg har sett filmen totalt tre gonger: Tidleg 2000-tal, august 2016 og august 2024.
