Special - Filmdagbok

Special 2006

I blant dukkar det opp filmar eg har oversett når dei kom ut, Special frå 2006 var ein slik for meg. Men når eg endeleg høyrte om han passa alle bitane med tanke på det eg for tida kan kalle min favorittype film.

Michael Rapaport er langt i frå ny som skodespelar, men har oftast dukka opp i biroller tidlegare. Eg kan iallfall ikkje hugse å ha sett han som hovudrolleinnehavar tidlegare, men så har han eit langt resyme med for meg usette filmar. I rolla som parkeringsvakta Les, viss liv kan seiast å vere upåklageleg og rimeleg bra, viser han utan tvil at han er ein talentfull skodespelar.

Les har altså ingenting å klage på, men føler ei trong til å gjere noko meir ut av livet sitt. Han meld seg som frivillig til testing av ei form for lykkepille, noko som endar opp med at hans elles friske sinn byrjar å forme tankar om at han har superkrefter.

Det høyres kanskje morosamt ut, og ei stund er det vel morosamt, endå meir på ein tragikomisk måte enn hysterisk. Special legg meir opp til å reflektere enn å underhalde, og har eit sterkt lydspor som iallfall sette meg i rett modus. Dette gjekk innpå meg, og alle forventingar om kva eg håpte Special skulle vere gjekk i oppfylling.