Spectre - Filmdagbok

Spectre 2015

Spectre med Daniel Craig vidarefører stilen som James Bond-filmane gradvis har gått mot, som eit dystrare, meir thriller- og actionprega opplegg heller enn innspel av komedie.

I den fjerde filmen med Daniel Craig som den britiske MI6-agenten held tråden fram frå førre film, Skyfall. Denne måten å starte det på set tonen for heile filmen, og gir meg det kjipe inntrykket av at dette berre er ei fortsetjing og ein halv film, og ikkje ei såkalla heilaftans oppleving.

Dette er som Skyfall også ein passe anonym sak. Ideen om organisasjonen SPECTRE er ein James Bond-aktig vri som eg set pris på. Sett forbi nokon kule actionsekvensar, eit visuelt tiltrekkjande film og nokon Q-greier, så er Spectre ein film som stort sett er gløymt før han er ferdig.