Speedy er ein stumfilm frå 1928 med Harold Lloyd, og byr blant anna på ei gjesteframferd av baseballegenda Babe Ruth.
I filmen spelar Harold Lloyd ein mann som ikkje klarar å halde på ein fast jobb. Dette fører til trøbbel og komedie. Han er svært glad i baseball, som også fører til trøbbel og komedie. Og til slutt må han hjelpe sin kommande svigerfar frå å tape retten til å køyre trikk i ein del av byen. Som også fører til trøbbel og komedie.
Speedy heng laust saman. Enkelte småting i filmen knyt det til ein total, men i det store og heile består dette av separate komiske innslag. Der geografien og Harold Lloyd sine heldige og mindre heldige episodar knyt alt saman.
Filmen har sine artige lyspunkt, men det held på sitt beste til å få meg gjennom utan å kjede meg. Når det gjeld å komme opp på det verkeleg gode og levere fortløpande latterfremjande stunder, når ikkje filmen opp.