Hopp til hovedinnhold
Plakat for Spencer (2021)

Spencer

Film
3

Ei dyster filmoppleving. Som bygger stemning framhevar dei indre konfliktane. Spencer tek oss med til nokre juledagar der Diana er innelåst. Ikkje berre psykisk, men òg fysisk. Filmen gir eit sterkt inntrykk. Slik at dette fungerer som ein slags psykologisk thriller, meir enn ein biografisk film om Diana.

Kristen Stewart går heilt inn i rolla, men eg blir ikkje overbevist av ho. Det er noko kunstig her. Det er vanskeleg å kome heilt innpå Diane. Utan å vite for mykje om Diana og hennar liv på førehand vil nok dette vere litt tomt. Filmen tilfører ikkje så mykje for å gi liv til Diana som person. Ho blir heller eit symbol.

Det overdrivne skodespelet kan òg ha ein funksjon. Alexia Mihaila skriv på UCL Film & TV Society Journal (blog.uclfilm.com) at Kristen Stewart stundom prøver for hardt å ta etter Diana, men at overdrivinga likevel forsterkar dramatikken i dei kvardagslege situasjonane. Eg ser poenget, sjølv om eg ikkje blir like overbevist. Det som kan gi oss eit sterkt uttrykk for indre uro, kan òg gjere personen vanskelegare å kome nær.

Eg sat igjen med ei kjensle av at det var mykje i filmen som skulle vere sterkt og gripande, men som ikkje heilt traff.