Eg er stor fan av arbeidet til David Cronenberg, men eg er ueinig når andre skrive at Spider er den beste filmen hans. Misforstå meg ikkje, det er ikkje den verste, men han er treg og litt forvirrande for meg.
Viss det er ein ting som eg skal trekke fram med Spider så er det Ralph Fiennes. Han spelar rolla som den mentalt forstyrra Spider veldig bra. Resten av mannskapet gjer også ein god jobb. Eg har ikkje noko dårleg å sei om nokon av skodespelarane.
Sjølv om historia noko forvirrande, så får du dei fleste svara på slutten. Nokon føreseielege svar er det.
Alt i alt var dette ein god film å sjå ein gong. Men at det er den beste filmen til David Cronenberg er å overdrive.