
Spider-Man
Filmane til Marvel som me kjenner dei som no, starta i 1998 med Blade. Dei tre filmane som kom før Spider-Man i 2002 gjorde det passe godt, men Spider-Man er nok den første verkeleg store kommersielle suksessen.
Peter Parker (Tobey Maguire) er Spider-Man. Tobey Maguire skulle gjenta rolla i to filmar til. Denne filmen handlar om korleis Parker blei til Spider-Man og hans kamp mot ein vond figur som heter Green Goblin.
Eg likar ei god opphavshistorie, noko denne filmen er. Sjølv om filmen gradvis dreier seg meir og meir om skurken som Spider-Man må kjempe mot, så sit eg med inntrykket av at filmen aldri mistar sitt fokus på Peter Parker og hans nye tilvære. Han må heile tida lære kven han er, og kva konsekvensar hans handlingar får.
Shawn Lunn på TV Lover (shawnlunn2002.blogspot.com) meiner Willem Dafoe gir filmen ein skurk som utfordrar både helten og personen bak maska. Han rosar òg dei moralske vala, ikkje berre kampane. Det passar med at eg opplever Peter Parker som midtpunktet heile vegen. Motstandaren gir han noko å bryne seg på som menneske, og dermed blir ikkje opphavshistoria avslutta berre fordi han har lært å bruke kreftene sine. Han må framleis forstå ansvaret som følger med.
Som det mest kjente sitatet i filmen seier. Remember, with great power. comes great responsibility. Dette er ei god oppsummering av kva filmen handlar om, gitt Peter Parker og hans endring til å bli Spider-Man.
